Norsk Målungdom (NMU)

Fra AktiWiki
Gå til: navigasjon, søk

Norsk Målungdom (NMU) arbeider for at alle i Noreg skal velja å skriva nynorsk i staden for bokmål, og for å styrkja dialektane. Til grunn for denne målreisinga ligg ein breiare strid for norsk kultur og nasjonal sjølvråderett. Organisasjonen arbeider for at nynorsk skal vera til stades på samfunnsområde og for at nynorsk og bokmål skal verta reelt jamstilte. Dei viktigaste sakene er kampen for nynorske lærebøker, betre sidemålsundervisning og meir nynorsk i kvardagen.


Norsk Målungdom har medlemer organisert i lokallag over heile landet, og har studentmållag på universitet og høgskular og elevlag på vidaregåande skular. Alle medlemene i Norsk Målungdom får medlemsbladet Motmæle. Kvart år reiser Norsk Målungdom på målferd til ungdomsskular og vidaregåande skular over heile landet og held føredrag om dialekt, språkval og språkhistorie for å gje ungdom eit meir medvite forhold til språkstoda og språkstriden.


E-post: nmu@nynorsk.no Internett: målungdom.no

Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Navigasjon
Verktøy